Velkommen til open sorggruppe våren 2026


Velkommen til open sorggruppe våren 2026


Mange finn trøyst og støtte i å vere med i ei sorggruppe kor ein møter andre som har opplevd å mista nokon dei er glade i. Denne sorggruppa er eit løpande tilbod.

Me møtast ca. ein gong i månaden kl. 18.00 – 20.00 i Prestegarden, gult bygg vis-à-vis Vangskyrkja.

Me møtes fylgjande måndagar våren 2026:

19. januar

9. februar

2. mars

20. april

11. mai

8. juni

Me har ikkje påmelding; dette er eit ope tilbod og gratis. Ein treng ikkje binde seg til å komme kvar gong, du kjenner litt kva som passer for deg. Dette er ein enkel møtestad der me kan støtte og hjelpe kvarandre på vegen vidare. Enkel servering.

For meir informasjon kontakt :

Sigrid Djukastein mobil nr: 47849134. E-post: sm435@kyrkja.no

Anja K. Slåtten    mobil nr: 41704958. E-post: as257@kyrkja.no

Tilbake