Bjørgvin bispedømme legg aktivt til rette for kyrkjelege handlingar i ramma av ei aukande pilegrimsverksemd.
I middelalderen var dei fleste pilegrimane religiøst motiverte, sjølv om sikkert mange var prega av eventyrlyst eller hadde andre grunnar for å vandre ut. I dag er det mange ulike motivasjonar for å leggje ut på pilegrimsvandring. Spanande landskap, rein natur og gode vandringsvegar freister dei fleste som legg ut på Pilegrimsleia. Møte med historien og andre menneske er og ein sterk motivasjon.
Bjørgvin bispedømme legg aktivt til rette for kyrkjelege handlingar i ramma av ei aukande pilegrimsverksemd. Bispedømet har sitt eige rådgjevande utval som arbeidar med pilegrimsteologi, kunnskap om og tilrettelegging av pilegrimsaktivitetar.