Treeininggsundag


Treeininggsundag


Her kan du finne dagens bibeltekstar: https://www.bibel.no/Nettbibelen/Kirkearets-tekster
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og berer på. Sundagspreika er skriven av sokneprest Anders Hove.

Treeiningstida, som blir innleia i dag, er ei tid for dobbel djupn. Det er ei tid som fortel oss og viser oss nye sider av den treeinige Gud, samtidig er det og ei tid som viser oss kva det er å vere kristen, kva det er å leva eit kristent liv. Kvar sundag viser oss dette på forskjellige måtar med forskjellige tema.

Treeiningstida er kyrkjeåret sin kvardag, og i det siste har vår kvardag vore ein del annleis enn den normalt ville vore, i alle fall for mange. Men kanskje kan dette ordet eg ikkje er så glad i, koronatida, ha vore ei god førebuing for treeiningstida? Kanskje har koronatida alt vist oss forskjellige måtar Gud er nær våre liv, eller kjennes fjern, kanskje har me lært noko om oss sjølv som menneske og vårt forhold til Gud i denne tida?

Mest av alt har vi kanskje lært at å vere menneske somme tider, gjerne alt for ofte, er vanskeleg. Ja, for mange, og i tider for mange av oss, kan det å vere menneske vere så vanskeleg at det mest er umenneskeleg. Er det noko annleis å vere eit kristent menneske?

Kva er det å vere eit kristent menneske? Eg tenkte på det då eg såg den amerikanske presidenten Donald Trump posere med ein Bibel, som den var ein rekvisitt, at det er lettare å misbruke ein Bibel enn å bruke den, og for han virka det viktigare å bli sett med Bibelen, enn å faktisk sjå i den.

Vi menneske er veldig opptekne av kva som er på utsida, det er det vi kan sjå, og det vi ser trur vi kanskje er lettare å erfare og i det vidare forstå. Men så veit vi så svinnande lite om noko ved å sjå det frå utsida. Det kan vere at alt eg sa om Trump var riv ruskande gale, eg ser det berre frå utsida. Og det er mange som kvalifiserer også det kristne liv frå utsida.

Med det meiner eg at mange, gjerne blant oss privilegerte, kanskje kan ha lett for å tenke at dei har eit godt liv fordi Gud er glad i dei. Eller at dei har eit godt liv fordi Gud er med dei, og at Gud då er med dei fordi dei er gode kristne og at han derfor er glad i dei og vil vere med dei. Tøv. Sorry, men slik er det.

Er det éin ting tekstane i dag fortel oss, er det at det ikkje er lett å vere kristen, sjølv om det for mange, og absolutt for meg sjølv, kan vere slik at vi tek litt for lett på det. Det startar med ei jødisk vedkjenning om Gud og om å bere med oss Guds ord synleg og usynleg gjennom livet og til neste generasjon, og så om å bygge eit åndeleg hus, om å bli eit heilagt presteskap, ja om å vere noko fysisk umogeleg: levande steinar. Og så over til misjonsbefalinga, den inviterer ikkje direkte til nokon piknik i parken den heller, men til å følgje Jesus, og å lære og forkynne evangeliet for verda – som elles absolutt kan gjerast i samband med ein piknik i parken.

Men misjonsbefalinga fortel også at Gud er med. Ikkje fordi me er vellukka menneske som har gjort oss fortent til å ha følgje av Gud. Gud går med oss utan annan grunn enn at han har lova det: at han frå dåpen av skal gå med oss gjennom livet, alle dagar, gode så vel som vonde, lette så vel som vanskelege.

Bibelen, og treeiningstida skal vise oss noko om kva det er å vere eit kristent menneske, mykje om det å vere menneske også, og vi skal lære om korleis vi møter og erfarer den treeinige Gud, og kven den treeinige Gud er. Slik er treeiningstida viktig, den er ikkje sundagskvardagen i kyrkja fordi det passa seg slik, men fordi det er ei viktig tid som kan gje vekst, vekst i livet og vekst i trua.

Men mellom alt det den vil vise oss, er det vi alt i dag møter i tekstane om Gud. Nemleg at det er sant å vere kristen, det vi trur er sant, og så er og slik vi blir sanne menneske, ved å erfare oss sjølv i lys av Guds kjærleik til oss og det Bibelen vitnar om Guds gjerningar for oss. Det er rett å vere kristen, me skal difor forkynne for alle folkeslag, døype og lære – ikkje fordømme andre religionar eller folkeslag, men forkynne. Men om tekstane fortel oss at om det enn er rett og sant, så blir vi aldri lova at de skal vere lett. Me vil møte motstand, livet vil bli utfordrande. Livet kan og vere fint og flott, men det er ikkje fordi Gud er mot oss eller med oss. Regnbogen viser oss om Guds erfaring av når han straffa menneske for deira ugjerningar, og at Gud ikkje lenger vil straffe menneske slik. Krossen viser oss at Gud heller tok straffa på sine skuldrer. Så me skulle få høyre til hjå Han, så vår sjel skulle få ein heim i Hans hjarte, ved å opne vårt hjarte mot Han. Og krossen viser oss også at det ikkje er nokon veg Gud ikkje vil gå for oss, eller med oss.

Så kva er det då å vere eit kristent menneske, spurde eg innleiingsvis. Det er det ikkje lett å svare på, men det er først å ta imot Jesus, la Anden styrke vårt hjarte, og å gå med Gud. Det er å lære, og forkynne, for andre, men og lære seg sjølv og lære om seg sjølv, og kva Gud kan gje våre liv når me opnar våre hjarte for Han.

Kva er det å vere eit kristent menneske? Neimen om eg kan svare lett på det, tross all mi utdanning. Men kanskje er det å leve med eit ope hjarte; ope for kva Gud kan gje oss, ope for kva vårt hjarte kan gje til andre menneske, men og opne for kva Gud kan lære oss og som treeiningstida kanskje kan vise oss. Når me no skal gå inn i den, som ei vandring saman med kvarandre og saman med Gud fram til den heim og det liv Han vil vise og gje oss.

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Tilbake