Feste av grav


Feste av grav


Dei fyrste 20 åra etter gravlegging i ny grav er rekna som friperiode. Deretter har ein høve til å festa grava vidare. Ein får då tilsendt faktura som dekkjer festeavgift for eitt år om gongen. Ei grav som går over til festa grav, kan ikkje verta frigrav igjen, sjølv om den vert nytta oppatt. Festeavgifta vert likevel rekna frå tidspunktet for siste gravlegging. Friperioden gjeld kun for gravlagde som har vore busette i kommunen.

 

Voss herad har vedteke følgjande satsar for gravfester i 2026:

Festeavgifta for sokna Voss, Evanger og Bolstad, Raundalen, Vinje, Oppheim og Granvin vert sett til kr. 600,- pr. år pr. grav.

Festeavgifta i Jordalen vert sett til kr. 300,- pr. år pr. grav.

Festeavgift for urnegraver vert kr. 300,- pr. år. Ei urne som blir satt ned i ei kistegrav, vert festa som kistegrav vidare.

Festeavgifta vert frå og med 01.01.2026 fakturert for eitt år av gongen.
 

Festetida for graver er maksimalt 60 år. Fellesrådet kan innvilge utvida festetid for barnegraver, graver der familien ynskjer å nytta grava om att, eller av andre samfunnsmessige omsyn. Dersom ein ynskjer å utvide festetida må ein ta kontakt med Voss Kyrkjekontor, 56523880, eller på e-post; post.voss@kyrkja.no. Dersom det vert gjeve løyve til feste utover 60 år, vert festeavgifta dobla.

 

I vedtektene for gravplassande i Voss herad § 6 står det at overføring av festerett skal skje skriftleg. Det er viktig at nåverande festar samtykker til at andre skal overta ansvaret. Her finn du skjema for overføring av festerett. Viss du har spørsmål eller treng hjelp til å finne gravidentifikasjon, ta kontakt med oss på telefon 56 52 38 80.

 

Tilbake