Voss Kyrkjeakademi inviterer til interessante temakveldar i Vonheim.
PROGRAM VÅREN 2026
Onsdag 4. februar kl. 19.00-21.00 i Vonheim
"Kva er det som skaper moglegheiter i liva våre?"
Irene Kinunda Afriyie fortel om Kongo og Afrika, integrering, nordmenn og Norge, som ho er blitt så glad i.
Onsdag 11. mars kl. 19.00-21.00 i Vonheim
"STILLFERD - meditasjonskonsert "
Annabel Guaita, klassist pianist og lyttelos tek oss med i musikkens indre landskap, skjerper evna vår til å lytte.
♦♦♦
Voss kyrkjeakademi er ikkje direkte underlagt vår verksemd, men er del av ein landsdekkjande sjølvstendig organisasjon, Norske kirkeakademier. Me har likevel eit tett og godt samarbeid.
Du kan lese meir om verksemda og aktivitetane til Norske Kirkeakademier her.