Kyrkjemusikalsk aktivitet

Orgelkonsert på påskeafta

Orgelkonsert på påskeafta
Påskeafta kl.18  held vikaroganist James Reed orgelkonsert i Vangskyrkja. Han vil spela pasjonssalmer av fleire kjende komponistar. Velkomen til ein meditativ og vakker stund i Vangskyrk...
Les meir..

Jazzmesse palmesundag

Jazzmesse palmesundag
Tradisjonen tru vert det ei «swingande» messe på Palmesundag dette året óg. Vikarorganist James Reed frå England vil, saman med lokale musikarar, setja sitt preg på gudstenesta med fengjande toner og...
Les meir..

Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN

Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN
Hordaland Kunstmusikk presenterer: FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN Duoen Michael Süssmann, fiolin & Mai Goto, piano byr på ei spanande reise innanfor ulike sjangrar i musikkhist...
Les meir..

Duke Ellington: Sacred Concert

Duke Ellington: Sacred Concert
Voss kulturhus, laurdag 11. mars kl: 17:00 Denne gongen er det Voss Storband og eit samarbeidskor som består av Kyriakè frå Os, Birkeland Kantori og Voss Kantori som framfører verket. Solistar...
Les meir..

Jolekonsert i Evanger kyrkje Sundag 18. desember klokken 16:00

Jolekonsert i Evanger kyrkje Sundag 18. desember klokken 16:00
Sara Davidson - song, Astrid Gjestvang – orgel/piano, Oda Styve Mjånes - song, Gymnaskoret, KIS/Juniorgruppa, Evanger Musikklag m/solistar. Dir. Marius Fevang Thorstensen Andakt v/ prost ...
Les meir..

"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og 1900

"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og  1900
Dette er den tradisjonelle jolekonserten som kvart år går føre seg i Vangskyrkja. Me vidarefører ordninga med 2 konsertar denne dagen, slik at så mange som mogleg får høve til gode sitteplassar. Prog...
Les meir..

SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016

SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016
For 5. året på rad kan ein oppleva ein serie med sommarkonsertar i Vangskyrkja, midt i Voss sentrum – eller rettare sagt; i sentrum av Voss! Som tidlegare vil desse konsertane gå føre seg på onsdag...
Les meir..

Konsert med kor og korps

Konsert med kor og korps
 «Messingklang med jubelsong» Konsert i  Vangskyrkja onsdag 9. mars kl 1930   Medverkande : Evanger Musikklag, dir. Thomas Nøkling Voss kantori, dir. Magnus Klø...
Les meir..

GOODWILL-KONSERT I VANGSKYRKJA ONSDAG 17. FEBRUAR

GOODWILL-KONSERT I VANGSKYRKJA ONSDAG 17. FEBRUAR
Onsdag 17. februar går startskotet for innsamlingsaksjonen til nytt flygel i Vangskyrkja. Ei rekkje aktørar stiller opp gratis for å markera at me alle ynskjer å få på plass eit nytt flygel til «stor...
Les meir..

Jolekonsertar i Vangskyrkja 20. desember

Jolekonsertar i Vangskyrkja 20. desember
I år vil det vera 2 jolekonsertar i Vangskyrkja. Båe blir fullverdige utgåver av konseptet «Me syng og spelar jola inn», der interne og eksterne aktørar presenterar eit breidt utval av advents-og j...
Les meir..
Kor tilhøyrande kyrkja på Voss

Her kan de lesa om dei kora som er tilknytta kyrkja på Voss, og sjå i kalenderen kva øvingar/hendingar kora er med på.

Mini/MidiSing

Eit kor for deg som er 4-10 år.

Me øver kvar torsdag kl 17:45-19:00 i Vangskyrkja.
På øvingane er det song, leik og dans.
Av og til har me konsertar, og er med og syng på utvalde gudstenester.

For meir informasjon:

Tone Brekke, e-post: t-dagane@voss.kyrkja.no eller mob: 95 26 20 26.

TweenSing
Eit kor for deg som går i 5.-7. klasse.

Me møtes anna kvar onsdag (oddetalsveke) i Vonheim.
Her kan de komma rett frå skulen.
Frå kl 13:30-15:00: ope i Vonheim; matbit, lekselesing, spel.
Frå kl 15:00-16:30: øving med kor, dans, drama og leik.

TweenSing er eit samarbeid mellom KFUK/KFUM og Kyrkja i Voss.

For meir informasjon:
Tone Brekke, e-post: t-dagane@voss.kyrkja.no eller mob: 95 26 20 26.
Ingrid Tønnessen, e-post: ingrid2@kfuk-kfum.no eller mob: 48 03 12 00.

Refleks TenSing

Eit kor for ungdomar frå 8. klasse til og med 3. klasse vidaregåande.


Kvar torsdag i skuleåret samlast mellom 50 og 80 ungdommar i Vonheim for å synga, spela, laga mat, dansa og dramatisera i lag.
Vonheim er opent frå skuleslutt.


16:15     Middag kan kjøpast for kr. 30,-

17:30     Leiarane har møte

18:00     Korøving

               Gruppetid

               Pause

               Andakt

               Beskjedar

21:00     Slutt

 

Refleks TenSing er eit samarbeid mellom KFUK/KFUM og Kyrkja i Voss.

Last ned plan for våren 2014 her.


Treng du meir info kan du ta kontak:
Ingrid Tønnessen, e-post: ingrid2@kfuk-kfum.no eller mob: 48 03 12 00.

 

VOK (Voss og Omland Kantori)
Koret er eit tilbod til alle vaksne songarar som kan tenkja seg å synga i eit blandakor med eit allsidig repertoar, med basis i kyrkjemusikalske verk. Koret øver tysdagar i Vangskyrkja frå kl. 18:00-20:30. Koret deltek iblant på gudstenester i fleire kyrkjer; både Vangskyrkja, Raundalen, Evanger og Bolstad har regelmessige besøk av koret.
Hausten 2012 vart Händel’s «Messias» framført i Voss, med VOK som basiskor.
Hausten 2013 satte koret opp «Requiem» av G. Fauré med stor suksess.
Våren 2015 planlegg koret framføring av verket «Visst skal våren komme» av Eyvind Skeie/Sigvald Tveit.

VOK har ved fleire anledningar samarbeida med andre kor, eksempelvis Bygdaklang (Voss), Strendingen (Vossestrand), mannskoret Laudamus (Kvam) og Ål kantori (Ål). VOK deltek regelmessig i samanhengar som Vossajazz (jazzmesse) i mars/april, Osa-festivalen i oktober og Vossekyrkjemessa i mai/juni. Koret har pr. i dag ca. 30 medlemmar, men ynskjer seg fleire, spesielt mannsstemmer. Ein treng ikkje lesa notar for å vera med i koret. Kantor i Vangskyrkja, Magnus Kløften, er til dagleg fast dirigent for koret.


For meir informasjon:
Magnus Kløften, e-post: 
magnus.kloften@voss.kyrkja.no eller mob: 40 44 04 61.
Kalendar

28. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando