Informasjon om tur til Helgatun i januar.
Her finn du informasjon som er sendt ut.
Registreing av gudstenester for
konfirmantane
Før konfirmasjonen skal me ha registrert sju gudstenester på kvar konfirmant.
Det gjer me på denne måten:
1. Ta med deg eit registreringsskjema når du går inn i kyrkja.
2. Fyll ut skjemaet undervegs i gudstenesta.
3. Lever skjemaet før du går.
Om du låner ein penn vert me glade om du legg den atttende i lag med skjemaet.
I Vangskyrkja er det ei eiga korg til ferdige skjema. I dei andre kyrkjene gir du det til presten eller kyrkjetenaren etter guidstenesta.
Om du skal på gudsteneste ein utanfor Voss er det ikkje sikkert dei har skjema. Då kan du få underskrift av ein som jobber der eller du kan skrive ut dette arket og ta med deg. Det leverer du til Rønnaug når du er attende på Voss.