T7 Påskefest i Vinje kyrkje
T7 Påskefest i Vinje kyrkje

Publisert 20. mars 2017 av Rønnaug Skjeldal

Sundag 2. april er alle sjuåringane i Vinje og Oppheim sokn inviterte til Vinje kyrkje kl. 09:30. Her skal me leika oss gjennom påskedagane og finna ut kvifor dagane har så rare namn. Palmesundag, skjirtorsdag, langfredag...

Me skal høyre forteljingar, me skal leika, me skal eta litt og alle som vil kan få kle seg ut. Etterpå veit me kanskje både kva som skjedde dei ulike påskedagane, kvifor me feirar påske og har påskeferie.

Denne trusopplæringsdagen er for sjuåringane i Vinje og Oppheim sokn med følgje. Som avslutning vert det ein skikkeleg påskefestgudstenste der me håpar veldig mange vil koma. Og etter den vert det kyrkjekaffi for alle.

Her finn du invitasjonen som er sendt i posten til sjuåringane. Om nokon ikkje har fått den er dei velkomne til å vera med. Påmelding på SMS til Rønnaug Skjeldal, 95 26 20 25, innan 30. mars.



 

22. april 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando