Duke Ellington: Sacred Concert
Duke Ellington: Sacred Concert

Voss kulturhus, laurdag 11. mars kl: 17:00

Denne gongen er det Voss Storband og eit samarbeidskor som består av Kyriakè frå Os, Birkeland Kantori og Voss Kantori som framfører verket.
Solistar er Tone Åse på vokal, Elisabeth Lid Trøen på saxofon og Åsmund Weltzien på piano. Musikalsk leiing er ved Magnus Kløften.

Bilettar kr. 250,-


Sacred Concert - Voss Storband m. fl

Duke Ellington: Sacred consert.

 

Duke Ellington skreiv ei rekkje musikkstykke - Sacred Conserts - som han framførte i mange store kyrkjer i USA og i Europa. Han visste på den tida at han var sjuk og nok ikkje kom til å leve så lenge. Han brukte noko ulik besetning og solistar på ulike konsertar etter kva som var mogeleg. Alice Babs var ein av songarane han brukte mest.
Denne musikken har levd vidare som noko av det vakraste han har laga og er populært rundt om i heile verda. To danske jazzmusikarar ( Johm Høybye og Peder Pedersen) han gjeve ut det arrangementet som skal framførast på Voss og i Os.
Sacred Consert var framført på Voss i 2010, då med VOK og Hardanger Big Band.

 

Bilettane kan kjøpast www.vosskulturhus.no og i bilettautomaten ved døra ( + kr. 25,- i bilettavgift )

 




Del denne artikkel på e-post
21. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando