Teser i Vangskyrkja
Teser i Vangskyrkja

I Vangskyrkja har vi sett opp to dører, der vi kan hengja opp teser, som vi vil diskutera. Har du eit engasjement med kva kyrkja er og skal vera, vil vi gjerna få høyra. Kvar søndag vil vi hengja opp ei ny tese etter gudstenesta. Dei som vil kan melda i frå til sokneprest Kjersti Brakestad Boge og få hengja opp si tese.

Ei tese er ein setning med ei meining om noko, som kan diskuterast.
I år skal vi markera at det har gått 500 år sidan reformasjonen starta i Wittenberg. Då Martin Luther spikra sine 95 teser opp på kyrkjedørene vart det startsskotet for det som vart den lutherske kyrkja. Martin Luther la fram idear som skapte ei ny tenking rundt kva kyrkja er og skal vera.
1.januar 2017 vart Den norske kyrkja eit eige rettssubjekt. No er vi ikkje lenger statskyrkje men folkekyrkje. Vi står ved eit vegskilje i vår kyrkje. Vi treng også å snakka om kva vi vil at kyrkja er og skal vera no og framover i ei ny ordning.
Difor har vi sett opp to dører i Vangskyrkja, der vi ynskjer at dei som har eit engasjement om kva kyrkja er og bør vera framover, kan vera med og spikra opp teser. Vi vil hengja opp ei ny tese kvar søndag dette året. Dei som har ein tese eller ein ide kan melda det inn til sokneprest Kjersti Brakestad Boge på mail, kjersti.brakestad.boge@kyrkja.voss.no.




Del denne artikkel på e-post
28. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando