Gåver til fattige barn på Jolafta
Gåver til fattige barn på Jolafta

Mange born får så mange gåver på jolafta. Det kan vera godt å vera med og gje til nokon som verkeleg treng det. På Voss bur det 230 born som lever under fattigdomsgrensa Til jol vil vi gjerne gje gåver til desse borna. I samarbeid med Røde kors, samlar vi inn gåver til dei som har minst iblant oss.

Vi vil samla inn gåver til slutt i gudstenestene i Vangskyrkja på Jolafta og køyrer dei rundt på første joledag. Det er også mogeleg å levera gåver til kyrkjekontoret elelr Røde kors før jol.

Mange bornfår så mange gåver på jolafta. Det kan vera godt å vera med og gje til nokon som verkeleg treng det. På Voss bur det omlag 230 born under fattigdomsgrensa. I samarbeid med Røde kors vil vi gjerne gje gåver til desse borna.

Vi vil samla inn gåver til slutt i gudstenestene i Vangskyrkja på Jolafta og køyrer dei rundt på første joledag. Det er også mogeleg å levera gåver til kyrkjekontoret eller Røde kors før jol.

Borna ynskjer seg nye leiker. I tillegg til nye leiker kan stillongsar, labbar, votter og varme gensarar vera gode gåver. Eg ynskjer at vi kan vera med og gje dei nye leiker og klede og at alle merkar gåvene med kva for ein aldersgruppe dei passar til og evt til gut eller jente.

No kan vi vera med og gje gåver til nokon i blant oss som treng det. Jesus kom til verda i ein stall langt heimefrå. Sidan flykta dei frå den gale Herodes til Egypt, ikkje heilt ulikt mange av flyktningane frå Syria. Jesus sa: «Det du gjer mot ein av mine minste, det gjer du mot meg!» Så kan vi i Jesu namn gje gåver til dei som har minst i blant oss.




Del denne artikkel på e-post
15. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando