Felles pressemelding - Rammeverk for jolesamling med skulane i Voss kommune
Felles pressemelding - Rammeverk for jolesamling med skulane i Voss kommune

Pressemelding torsdag 24. november 2016

Dette er ei felles pressemelding frå Kyrkja i Voss og rektorgruppa i Voss kommune

Gjennom to veker har temaet skulegudstenester vore mykje diskutert, både lokalt og nasjonalt. Representantar frå rektorgruppa og representantar frå Kyrkja i Voss har gjennom konstruktiv og løysingsorientert dialog utarbeidd eit rammeverk til ei jolesamling som skal gjennomførast i samarbeid mellom kyrkja og skulane i løpet av desember 2016.

Innhaldet i jolesamlinga er bygd på element frå læreplan og kompetansemål i KRLE-faget knytt til den kristne jolefeiringa, og vil ikkje innehalde forkynning, bøn eller anna religiøs utøving for elevane. På bakgrunn av dette vil jolesamlinga vere rekna som obligatorisk undervising for alle elevar, og alle skular i kommunen skal delta i ei slik samling i si lokale kyrkje.

For detaljar om innhald og føresetnader viser me til «Rammeverk for jolesamling med skulane».

Detaljert utforming av jolesamlingane vil skje i samarbeid mellom kyrkja og kvar einskild skule. FAU-leiarane har fått rammeverket presentert og skal etter møte i dei respektive FAU på skulane kome med ein felles uttale.

Dette nybrottsarbeidet vil verte evaluert i nær dialog mellom kyrkja og skulen i januar 2017. I denne evalueringa vil både FAU og sokneråda bli invitert til å vere med.




Del denne artikkel på e-post
19. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando