Pressemelding vedkomande skulegudstenester
 


Pressemelding vedkomande skulegudstenester
Pressemelding vedkomande skulegudstenester

Tidlegare denne veka vart det gjort kjend at rektorane i Voss kommune har vedteke å ikkje ta i mot tilbodet om tradisjonelle skulegudstenester i kyrkjene på Voss. Dette har ført til store oppslag i media, og til dels sterke reaksjonar frå mange hald. Det er ikkje kyrkja si sak å meine noko om prosessen rundt vedtaket – dette må vere ei sak mellom skulen og foreldra. Likevel er det frå kyrkja si side svært beklageleg at den tradisjonelle gjennomføringa og organiseringa av skulegudstenester no fell bort. Det er viktig at born vert kjende med den kristne kulturarven og jolebodskapen, og frå kyrkja sitt synspunkt er ei gudsteneste den beste måten å gjere dette på. Samstundes er det viktig for oss å ha ein god dialog med rektorane om kva alternativ ein har i fortsetjinga.

I løpet av veka har representantar frå kyrkja og frå rektorgruppa hatt fleire møter, der ein arbeider saman om moglege løysingar. Ei av dei er at kyrkja inviterer til gudstenester i skuletida, og foreldra som ynskjer det søkjer kontaktlærar om godkjent permisjon for borna og sjølve syter for transport til kyrkja. Dette er løysinga som er skissert i Voss kommune si pressemelding av 9/11. Parallelt arbeider me med ei alternativ jolesamling i kyrkja som ikkje er gudsteneste, og dermed kan femne alle elevar som del av KRLE-undervisninga i skulen. Ei slik løysing må vere fagleg forsvarleg både for kyrkja og skulane for at den skal kunne gjennomførast. Det må også gjennomførast ei prinsipiell drøfting på fleire nivå i kyrkja om kva som er den rette vegen å gå slik situasjonen er no. Det fins også fleire alternativ som må vere med i ei slik drøfting. Samstundes veit alle at tida fram mot jol er knapp, og at ein difor må arbeide raskt.

Kyrkja har eit sterkt ynskje om å oppretthalde den gode dialogen med rektorane, og finne gode og varige løysingar i saka, der både kyrkja, skulen og foreldra/borna sine interesser er ivaretekne så langt det er mogleg. Me ser difor fram mot nye møtepunkt med rektorane der ein kan tenke konstruktivt om samarbeid mellom kyrkja og skulen.




Del denne artikkel på e-post
10. april 2020 | Logg inn | Copyright 2020 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando